 |
 |
|
|
HISTORIA TIL SPELET PÅ FITJAR,
”KONGEN MED GULLHJELMEN”.
Det heile starta i 1997. Det var då eit samarbeid mellom Hordaland Teater, Kystsogevekene og Fitjar kommune.
Profesjonelle
Johannes Heggland hadde skrive spelet, komponistane Knut Vaage og Ketil Hvoslef stod for musikken, og Anne Gullestad var den første regissøren.
Det første året hadde me med fleire profesjonelle skodespelarar, m.a.
Paul Ottar Haga som kongen, og Agnethe Haaland i rolla som kongsmora.
Elles var det amatørar frå Fitjar som hadde dei andre rollene. Etter mykje arbeid med sying av klede og laging av rekvisita hadde me den fyrste framføringa i Håkonarparken i august i 1997.
Spania
I 1998 hadde me også framføringar i parken. Regissør var Otto Homlung.
Denne gongen var Lasse Lindtner kongen. I oktober same året var me inviterte til Elche i Spania til ein middelalderfestival der.
Me samla troppane og reiste. Me spelte fleire stadar, på Solgården, i Benidorm og i Elche.
Bergenshus
Frå året 1999 var i hovudsak alle skodespelarane lokale amatørar.
I år 2000 hadde me ikkje spel på Fitjar. Alle fire Håkonarspela var samla i Bergen til ei storoppsetjing på Bergenhus festning. Otto Homlung var regissør og Bjørn Wilberg Andersen var konge i alle spela. I 2001 fekk me ny regissør, Rolf Losnegård som hadde stor erfaring frå teater og sogespel. Spelet fekk heilt ny og spanande regi. Me sette opp spelet på Fitjar også i 2002 og 2003.
1000 tilskodarar
I 2005 var scenen i parken så dårleg at den måtte fjernast, då hadde me spelet inne i idrettshallen i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Det vart ein stor publikumsuksess. Rundt 1000 personar såg spelet dette året.I 2007 var det på ny spel i Fitjar Kultur og Idrettsbygg -denne gongen i teatersalen. Det vart ein ny suksess.
I år (2010) blir det igjen endring av spelstad. Denne gongen skal me setja spelet opp i eit lite friområde som av bygdefolket blir kalla "Moahagen". Det blir også ny regissør. Paul Ottar Haga som spelte konge i 1997 kjem no att som regissør. Begge delar vil gjera årets utgåve til noko heilt spesielt. Me gler oss. |

Skulpturen utafor
kulturhuset i Fitjar,
laga av Leif Hedmann
|
 |