 |
 |
|
|

HISTORISKE FITJAR
Stammer på vandring langs kysten i tidleg steinalder kom til eit Fitjarlandskap som såg annleis ut enn i dag. Havet stod 10-15 meter høgare, gjekk inn i Storavatnet og oversvømte lågtliggjande område t.d bakkane langs Fitjarelva.
Rullestein frå istida låg rundt omkring, og landskapet var skogdekka då klimaet var mildt. Det er funne restar av buplassar frå steinalderen både på Vestbøstad, i Vik og ved Fitjarsjøen. Arkeologar meiner det har budd folk på Fitjar i 10.000 år.
Fyrst i bronsealderen 16-1800 år f.kr. får Fitjar fastbuande befolkning. Dei dyrka jorda og heldt husdyr. Bronsen var henta frå middelhavslanda og var svært kostbar.
Sjeldsynte funn
Likevel har me mange og sjeldne bronsealderfunn frå Fitjar. Dei mest kjende er bronseøksa frå Kloster og bronsesverdet (som prydar denne nettstaden) frå gravgrøysa på Rimsvarden. Slike funn vitnar om at Fitjar må ha hatt velståande storgardar allereie i bronsealderen.
Fitjar her fleire store gravrøyser frå gamal tid. Den største er bronsealderrøysa på Rimsvarden.
Funn frå jernalderen syner at det fram gjennom tida vart dyrka nye gardar, og at folketalet vaks.
Gamal stor-ætt
Fitjung-sønene var ei gamal stor-ætt frå Fitjar. Høvdingane i denne ætta "Fitjung-sonum" er nemde i Håvamål, det eldste sogeskriftet i Noreg. Harald Hårfagre tok eigedommane frå denne ætta og skipa ein kongsgard på Fitjar. Håkon den Gode nytta også storgarden og kongssetet på Fitjar. Her kunne han bu med følgjet sitt, koma i gjestebod eller førebu seg til kamp mot fiendar i lag med stormenn og bygdefolk som støtta han. Me kjenner alle Snorre si forteljing om Håkon som får banesåret sitt i slaget mot Eirik-sønene på Fitjarvollane i året 961.
Kongsbrunnen
Det er førebels få funn frå vikingtida på Fitjar, men for berre nokre få år tilbake vart det t.d. funne kisterester frå vikingtida på kyrkjegarden. Ein meiner også at kongs-brunnen er restar etter ein av brønnane nær tunet i kongsgarden. Truleg dekkjer jorda framleis mange restar frå denne dramatiske tida i Fitjar si historie.
|
 |