HÅKON DEN GODE Håkon den Gode var fødd kring år 920 på Håkonshella utanfor Bergen. Han var son av Harald Hårfagre og Tora Mostrastong. Som barn vart han sendt til England, og vart oppfostra hos kong Adalstein. Her lærte han også den kristne trua å kjenna. Blot og kristendom
Håkon dreg til Noreg for å bli konge etter at Harald Hårfagre døyr. Etter Snorre er Håkon berre 15 år då han blir teken til konge av trøndarane med hjelp av Sigurd Ladejarl. Han driv bror sin, Eirik Blodøks, ut av landet og blir konge for heile landet. Han var likevel mest ein vestlandskonge.
Håkon ville innføra kristendommen i Noreg. Han henta prestar i England og bygde kyrkjer. Men han måtte gje opp kristningstanken. Prestane vart drepne og kyrkjene brende. Håkon måtte sjølv delta i heiden bloting for å halda på kongsmakta. Bygde forsvar
Under Håkon sitt styre vart retts- og forsvarsskipinga i landet styrka og tingområda utvida. Han innførte påbod om varde og leidangsskipnad i Gulatingslova.
Håkon hadde fleire slag mot Eirik-sønene som prøvde å ta kongsmakta i Noreg. Pil i aksla
Mor deira, dronning Gunnhild, sat i Danmark og eggja sønene til kamp mot Håkon. Eirik-sønene fekk i denne striden støtte og hjelp av danskekongen.
I året 961 kom Eiriksønene uventa medan Håkon gjesta kongsgarden på Fitjar. I slaget som følgde fekk kongen banesår av ei pil som traff han i aksla. Håkon vann slaget, men døydde kort tid etter på Håkonshella der han vart fødd.
SKODESPELET KONGEN MED GULLHJELMEN
I "MOAHAGEN" MELLOM FITJAR KULTUR OG IDRETTSBYGG OG IDRETTSPARKEN
OPNE FRAMSYNINGAR: FREDAG 3. SEPTEMBER KL. 22.00
LAURDAG 4. SEPTEMBER KL. 22.00
SKULEFRAMSYNING: FREDAG 3.SEPTEMBER KL 12.00