 |
 |
|
|
Stiftinga Håkon den Gode –Fitjar
Håkonarspela vart starta opp i 1997 gjennom eit samarbeid mellom Hordaland Fylkeskommune og regionane i Sunnhordland, Bergen og Omland, Nordhordaland og
Gulen.
Kystkulturen
Prosjektet skulle fremja kystkulturen på Vestlandet og Håkonarspela skulle verka som ”lokomotiv” i dette arbeidet. Hordaland teater stod for den teaterfaglege sida og Norsk kulturråd støtta tiltaket saman med viktige sponsorar.
Som paraplyorganisasjon for prosjektet vart stiftinga ”Kulturformidlinga Håkon den Gode” under leiing av Ragnhild Randal etablert.
Johannes Heggland skreiv 5 spel om Håkon den Gode – Vestlandskongen sitt liv og verke, knytta til sentrale historiske stader.
Fire spel
Det vart frå byrjinga sett opp 4 spel: Gulen, på Seim i Lindås, Håkonshella (Håkonsvern) ved Bergen og på Fitjar. Anne Gullestad vart tilsett som regissør og komponistane Knut Vaage, Jostein Stalheim og Kjetil Hvoslef skreiv musikken.
Fitjar sitt spel fekk namnet ”Kongen med gullhjelmen”. Spelet handlar om kongen som besøkte kongsgarden sin i ulike ærend, om ordninga med varsling av fiendar gjennom vardebrenning, om ulukkeleg kjærleik og om slaget der kongen til slutt vart dødeleg såra.
Historiske verdiar
I oppstarten hadde Fitjar kommune tilsett prosjektleiar som leia arbeidet med å setja opp spelet og gjennomføra ”kystsogevekene” lokalt. Seinare vart det etablert ei stifting som fekk namnet ”Stiftinga Håkon den Gode –Fitjar”.
Den lokale stiftinga har i vedtektene at føremålet er ” Å ta vare på dei historiske og kulturelle verdiane som ligg i arven etter Håkon de Gode og kongsgarden på Fitjar”.
Stiftinga skal driva det historiske spelet ”Kongen med gullhjelmen”.
Spelet har i løpet av desse 13 åra blitt framført 8 gongar på Fitjar,
ein gong i Bergen
(i år 2000 i lag med dei andre spela) og ein gong i Spania (deltaking på teaterfestival i Elche i 1998). Spelet skal også framførast fyrste helga i september 2010, på ny spelstad i "Moahagen" i Fitjar sentrum.
100 aktørar
I dag er det om lag hundre aktørar i alle aldrar i spelet, medrekna ”gode hjelparar” som støttar med diverse praktisk arbeid. Økonomisk får spelet støtte frå det offentlege gjennom Hordaland fylkeskommune og Fitjar kommune. I tillegg får me viktig støtte frå diverse lokale bedrifter.
Styret .
I
2010:
Bjørn Haaland (leiar)
Torhild Andersen (kasserar)
Karvel Strømme (styremedlem)
Anne Sofie drønen (styremedlem)
Harald Rydland (styremedlem)
Kontaktinfo
Postadresse:
Håkonarspelet, Postboks 197, 5418 Fitjar, E-post: post@hakonarspelet.no
Kontaktperson:
Bjørn Haaland, 5419 Fitjar, Mob; 99095742 E-post; bjorn.haaland@fitjar.kommune.no
|

Regissør Rolf Losnegård |
|
|