 |
 |
|
|
ORDFORKLARINGAR
Blot: Heidensk offerdyrking
Dråpa: Den mest ærefulle måten å skriva eit kvad (dikt) på, t.d. minnekvadet ”Håkonarmål”
Haugalder: I gamal tid. Den tida lika vart lagde i gravhauger, i motsetnad til brennalder då lika vart brende.
Hildarleik: Stridsleik, strid
Horg og hov: Heidenske gudsdyrkingsstader. Horg var ein knaus eller nut ute i naturen. Hov var eit hus bygt til ære for guden.
Hlautbollar: blotbollar til offerblod
Jartegn: Teikn eller varsel, mirakel.
Kvad: Dikt. Kvada vart skapte og framførte av skaldar.
Lagmann: Ein lovkunnig mann.
Leidang: Sjøforsvarsordning som knytta heile kyst-Noreg saman. Landet vart inndelt i område eller skipsreider som skulle byggja, rusta ut og halda mannskap til eitt skip.
Niding: kjeltring, svikar
Solskuggefjøl: sekstant, vinkelmålar til å måla solhøgda
Tigne: Av høg ætt
Ting: Møte der det vart teke rettsavgjerder. Gjeldande rett vart lese opp frå lovberget av lovseiemannen. Dei store lagtinga, som t.d. Gulatinget, var årlege.
Veitsla: Gjestebod. Kongen hadde rett på å bli underheldt med mat og drikke på kongsgardane når han drog omkring i landet.
Vete: Varselbål. Kløyvd langved vart reist opp som ei kjegle godt synleg i landskapet. Veten skulle tennast som varsel på at fiendar kom til landet.
|
 |
|
 |