 |
 |
|
|
OM HÅKONARSPELET ”KONGEN MED GULLHJELMEN”
Håkonarspelet ” Kongen med gullhjelmen” er eit av fleire Håkonarspel skrive av den kjende Sunnhordlandsforfattaren Johannes Heggland.
Kongsgarden i Fitjar
Spelet tek utgangspunkt i at kongen kjem til kongsgarden på Fitjar for å klara opp i sak der sonen til kongens årmann, Bjørn Svarte, feilaktig hadde varsla fiendar ved å tenna Rymbsvarden. Dette likte kongen dårleg. Leidangen, eller forsvarsordninga der kvart område rusta ut skip og mannskap, var ressurskrevjande.
Det gjer ikkje saka betre at kongens einaste dotter, Tora, har eit kjærleiksforhold til Bjørn Svarte. Enden på visa vert at kongen legg på Bjørn Svarte å betala ei hard bot.
I Danmark
I kamp mot Eirik-sønene blir Bjørn Svarte teken til fange og ført til Danmark. Etter Eirik Blødøks sin død hadde dronning Gunnhild flykta til Danmark. Her fekk ho støtte av danskekongen til å prøva å ta tilbake Noreg. Då Bjørn Svarte blir ført fram for henne prøver dronning Gunnhild med trolldomskunster for å få opplysningar om Håkon. Bjørn Svarte klarar likevel seinare å røma frå fangenskapet.
Ein scene i spelet er frå Damark der dronning Gunnhild rasar over tapet av sonen Gamle etter eit mislykka slag mot Håkon på Rastarkalv på Møre. Ho eggjar likevel sønene sine til nye slag.
Slaget
Kongen er seinare i gjestebod til kongsgarden på Fitjar. Han er ein populær konge og får ein gullhjelm av bøndene som synleg teikn på at dei synest godt om kongen. Medan dei er i gjestebod får kongen varsel om at Eirik-sønene er undervegs. Han tek ei rask avgjerd om å bli på Fitjar og møta fienden i slag, trass i at dei hadde lite folk.
I det store slaget som følgde fekk Håkon ei pil i aksla av skosveinen til dronning Gunnhild, og fekk på denne måten banesåret sitt. Håkon sine menn vann slaget, men hadde store tap. Bjørn Svarte fall også i kamp for kongen. Håkon sjølv døydde seinare på fødestaden sin, Håkonshella.
|
|
|